a. gjer systematisk greie for
forskjellane mellom dei to måtane å framstille utvalde
trekk ved nyare norsk historie på. Lag dine eigne samanfatningar
av det dei fortel om norsk samfunnsutvikling, korleis dei deler nyare
tid inn i fasar, kva tema dei legg vekt på, og korleis dei
framstiller dei. Kommenter så systematisk du kan kva forskjellar
du finn mellom dei to framstillingane.
b. gjer med dine eigne ord greie for kva dei to artiklane viser om kva
dei to historikarane står for av
program for kva som er viktig og
interessant i historisk forsking. Diskutér så kva argument
du sjølv meiner kan hevdast for og mot dei ulike
synsmåtane dei to historikarane argumenterte for. Og om du vil:
vurder kritisk kva du sjølv som historisk interessert i dag vil
framheve som viktig og interessant å skrive historie om, kva
spørsmål du ser som viktige å utforske, og korleis
du vil gå fram for å finne svar på dei. Prøv
å diskuter dette så sjølvstendig som muleg i forhold
til det dei to historikarane skriv, og prøv å relater
argumenta dine til kva du ser som viktig i vår tid, på
starten av eit nytt tusenår (
her
finn du eit par sitat frå dei to artiklane som det kan vere
greit å ta utgangspunkt i, om du ikkje alt har bestemt deg for
kva du sjølv vil starte med i din analyse av dei to tekstane).