Arbeidsoppgåver i historisk teori og metode, basert på to amerikanske sjølvbiografiar:

 

Tilbake til andre arbeidsoppgåver

 

Dei to bøkene er:

 

Frederick Douglass. Narrative of the Life og Frederick Douglass. 1845.

Booker T. Washington. Up from Slavery. 1901. Kapitla I-VII, X og XIV.

 

Bøkene er tilgjengelege i fulltekst fleire stader nettet, og er utgitt fleire forlag, også i billige pocket-format. Første oppgåve går ut å finne bøkene, laste dei ned eventuelt printe dei ut, eller kjøpe dei.

1. Skole og kunnskap

Korleis beskriv dei to forfattarane sine erfaringar med skolegang og kunnskap? Kva bilde gir dei av kva skolegang og kunnskap har betydd for dei sjølve, i deira eigne liv, og for deira forhold til slaveriet, slaveeigarane og frigjeringa (plukk ut det dei seier om temaet, og systematiser det slik at du kan bruke det i ei framstilling du vil lage). Reflekter kjeldekritisk over det bildet dei gir av temaet. Sjå systematisk etter forskjellar mellom det dei skriv. Kva problem reiser dei to tekstane når ein vurderer det dei seier om temaet kjeldekritisk? Kva kan ein som vil lage ei historisk framstilling om betydninga av skolelærdom og kunnskap for negerslavane, og for forholdet deira til slaveriet og slaveeigarane, få ut av dei to bøkene? Kva viser dei to tekstane, og korleis vil/kan du bruke det? (for eksempel om du skal lage ein liten artikkel, eit seminarinnlegg eller ein skoletime om emnet).

2. Sosiale forhold

Korleis beskriv dei to forfattarane dei sosiale forholda dei har opplevd, som slavar og som svarte i det amerikanske samfunnet? (plukk ut det dei seier om sosiale og materielle forhold og levekår, og systematiser det slik at du kan bruke det i ei framstilling du sjølv vil lage). Reflekter kjeldekritisk over det bildet dei gir av emnet. Sjå systematisk etter forskjellar mellom det dei skriv. Kva problem reiser dei to tekstane når ein vurderer det dei seier om temaet kjeldekritisk? Kva kan ein som vil lage ei historisk framstilling om sosiale forhold for svarte i amerika på 1800-talet, med vekt på slaveriet, få ut av dei to bøkene? Kva viser dei to tekstane, og korleis vil/kan du bruke det? (for eksempel om du skal lage ein liten artikkel, eit seminarinnlegg eller ein skoletime om emnet).

3. Forholdet til slaveeigarane

Korleis beskriv dei to forfattarane det dei har opplevd og sett av forhold mellom slavar og slaveeigarar? (plukk ut det dei seier om slaveeigarane og forholdet mellom dei og slavane, og systematiser det slik at du kan bruke det i ei framstilling du vil lage om det sjølv). Reflekter kjeldekritisk over det bildet dei gir av emnet. Sjå systematisk etter forskjellar mellom det dei skriv. Kva problem reiser dei to tekstane når ein vurderer det dei seier om temaet kjeldekritisk? Kva kan ein som vil lage ei historisk framstilling om slaveeigarane si behandling av slavane, og forholdet mellom slavar og slaveeigarar i amerika på 1800-talet, få ut av dei to bøkene? Kva viser dei to tekstane, og korleis vil/kan du bruke det? (for eksempel om du skal lage ein liten artikkel, eit seminarinnlegg eller ein skoletime om emnet).

4. Forskjellige grunnhaldningar og måtar å fortelje på om raseforhold, slaveri og frigjering i dei to bøkene

I 1895 heldt Booker T. Washington ein berømt tale i Atlanta (Chapter XIV i hans ’Up from slavery’). Prøv systematisk å tolke teksten hans med sikte på å få fram kva verdiar og tenkemåtar Washington sto for, og kva som særpregar grunntrekka i forteljinga hans om slaveriet. Gå systematisk igjennom talen, og noter talemåtar, uttrykk og argumentasjon som viser kva han sto for i dei spørsmåla han tok opp. Sjå også etter spor av dei same tenkemåtane og oppfatningane i resten av sjølvbiografien hans. Les så Douglass sin sjølvbiografi på same måten, og sjå etter korvidt og korleis han eventuelt uttrykker seg likt eller annleis om dei same spørsmåla. Kva særpregar Washington og Douglass sine måtar å fortelje på om rasespørsmål, slaveri og frigjering, og korleis kan ein sjå forskjellane mellom dei i samanheng med det vi elles veit/ kan finne ut om dei ulike liva dei har levd (prøv å finn ut meir om dei i andre kjelder, det finst mye om begge på nettet). Reflekter kjeldekritisk omkring kva dei forskjellige måtane deira å fortelje på, byr på av mulegheiter og problem for deg som vil bruke tekstane deira til ei eller anna historisk framstilling (for eksempel om du skal lage ein liten artikkel, eit seminarinnlegg eller ein skoletime om emnet).

5. Religion

Kva seier dei to forfattarane om religiøse forhold, og om kva religion har betydd for dei, og i det amerikanske slaveriet? (plukk ut det dei seier om religion og religiøse forhold, og systematiser det slik at du kan bruke det i ei framstilling du sjølv vil lage). Reflekter kjeldekritisk over det bildet dei gir av temaet. Sjå systematisk etter forskjellar mellom det dei skriv om temaet. Kva problem reiser dei to tekstane når ein vurderer det dei seier om temaet kjeldekritisk? Kva kan ein som vil lage ei historisk framstilling om religion og religiøse forhold under slaveriet på 1800-talet, og under avskaffinga av det, få ut av dei to bøkene? Kva viser dei to tekstane, og korleis vil/kan du bruke det? (for eksempel om du skal lage ein liten artikkel, eit seminarinnlegg eller ein skoletime om emnet).

 

Spørsmål om oppgåvene kan rettast til:

 

ingar.kaldal@hf.ntnu.no