Ingar Kaldal: Historisk forsking, forståing og
forteljing
Arbeidsoppgåver
om 'Historisk sportolking'
1. Prøv med eigne ord å forklare for noen andre kva
Jörn Rüsen kan meine med å skrive at historiske kjelder
er som trappetrinn inn i den historiske tenkingas rådhus, som ein
kjem klokare ut av denn det kjeldene er i stand til å gjere ein.
Etter å ha forklart så grundig kva poenget med dette er,
kan du gjerne prøve å diskutere påstanden kritisk.
Kva kan hevdast som argument for og mot ei slik oppfatning?
2. Gjer med eigne ord greie for forskjellen mellom eit materielt og eit
funksjonelt kjeldebegrep. Prøv så ut denne forskjellen
på ulike typar materiale som fiinst frå fortida. Korleis
kan dei ulike kjeldebegrepa bidra til å styre oss i ulike
retningar når det gjeld å utnytte materialet? Noter deg
så noen argument som taler for og mot begge dei to kjeldebegrepa.
Kva fordelar og ulemper fører dei med seg?
3. La oss arbeide litt vidare med denne teksten frå Amtmannsberetninga
får 1861-65 for Nordre Throndhjems Amt, eller med desse
utvalde avsnitta frå ei Medisinalberetning
frå 1859, som omtaler 'Almuens Levemaade' i Skogn og Levanger
i noverande Nord-Trøndelag fylke.
a. Skisser fleire ulike
historiske spørsmål som du kan tenke deg å ville
bruke desse kjeldene til å seie noe om. Vurder kort kor viktig
det vil vere i dei ulike 'prosjekta' å finne ut nøyaktig
kva person som har forfatta teksten. Når vil det vere viktig, og
når vil det vere mindre viktig - og kvifor?
b. Sett opp noen punkt om kva du meiner det er lurt å gjere for
å kunne kontekstualisere tolkinga av desse tekstane.
c. Gjer greie for problem du reknar med det kan føre
med seg om ein bruker det desse tekstane inneheld utan å
kontekstualisere det. Kva kan det føre til av vanskar,
misforståingar og kanskje feilslutningar?
d. Noter alle ord i desse tekstane som du kan tenke deg kan
ha vore forbunde med andre betydningar i den tida teksten stammer
frå, enn i dag. Kva vil du gjere for å finne ut meir om kva
dei kan ha betydd da?
e. Begge desse tekstane gir inntrykk av å beskrive konkret
korleis forholda var på fleire område. Vel ut eit eller
noen tema som ser ut til å bli grundig skildra, og skriv ned ei
kritisk vurdering av kva du ser grunn til å lite på, og kva
det er problematisk å lite på av det tekstane
påstår om dei forholda du er ute etter å vite noe om.
Gå her systematisk inn på korleis desse kjeldebitane let
seg vurdere ut frå spørsmål om nærheit,
primær- eller sekundærkjelde, avhengigheit, og kva motiv og
interesser dei er prega av.
f. Prøv så å lese dei same to kjeldene med vekt
på kva dei to tekstane kan seiast å uttrykke gjennom
måten dei er utforma på, språkleg, retorisk,
narrativt og litterært. Sjå her f.eks. etter korleis
bestemte språklege uttrykksmåtar, metaforar og narrative
grep i tekstane kan vise noe om kva tenkemåtar forfattaren har
stått for om ulike spørsmål som blir berørte,
og om kva betydningar og meiningsinnhald det tekstane fortel om, har
vore forbunde med. Skriv ei utgreiing der du fortel kva du har komme
fram til.
4. Ta for deg ein kjelde eller fleire kjelder som du har greidd å
finne på nettet (eller ein annan stad, t.d. i eit arkiv). Lag ei
skriftleg framstilling der du gjer følgjande:
a. Skisser i stikkord fleire ulike
historiske spørsmål som du kan tenke deg å ville
bruke desse kjeldene til å seie noe om. Vurder kort kor viktig
det vil vere i dei ulike 'prosjekta' å finne ut nøyaktig
kva person(ar), gruppe eller aktørar som har skapt materialet.
Når vil det vere viktig, og
når vil det vere mindre viktig å identifisere dei
nøyaktig eller meir omtrentleg - og kvifor?
b. Sett opp noen punkt om kva du meiner det er lurt å gjere for
å kunne kontekstualisere tolkinga av det materialet du her har
vald å ta for deg.
c. Gjer greie for problem som du reknar med det kan føre
med seg om ein bruker det dette materialet ber i seg av spor utan
å
kontekstualisere det. Kva kan det føre til av vanskar,
misforståingar og kanskje feilslutningar?
d. Noter alle trekk ved det materialet du tek for deg, som du kan
tenke deg kan
ha vore forbunde med andre betydningar i den tida materialet stammer
frå, enn i dag. Kva vil du gjere for å finne ut meir om kva
dei kan ha betydd da?
e. Viss det materialet du arbeider med, også inneheld skildringar
av noe som har skjedd, eller forhold som har rådd, vel så
ut eit eller
noen tema som ser ut til å bli skildra, og skriv ned ei
kritisk vurdering av kva du ser grunn til å lite på, og kva
det er problematisk å lite på av det materialet
påstår om dei forholda du er ute etter å vite noe om.
Gå her systematisk inn på korleis det materialet gir seg ut
for å skildre, let
seg vurdere ut frå spørsmål om nærheit,
primær- eller sekundærkjelde, avhengigheit, og kva motiv og
interesser dei er prega av.
f. Prøv så å tolk det same materialet med vekt
på kva spora i det kan seiast å uttrykke gjennom
måten dei er utforma på, symbolsk, estetisk, stilistisk,
språkleg, retorisk,
narrativt eller litterært. Sjå her f.eks. etter korleis
det som eventuelt finst i materialet av bestemte uttrykksmåtar,
stiluttrykk, metaforar og narrative
grep, kan vise noe om kva tenkemåtar, verdiar, veremåtar,
kulturelle betydningar og kodar osv som har rådd i det
miljøet materialet stammer frå.
5.
Tilbake til oversikt
Epost:
ingar.kaldal@hf.ntnu.no
Heimesida mi er her
Denne sida vart sist oppdatert 25.9.2003