Ingar Kaldal: Historisk forsking, forståing og forteljing

Arbeidsoppgåver
om 'Å begripe det ugripelege'

(oppgåvene vil stadig kunne bli forandra etter at dei er vorte prøvde ut i undervisninga, og etter råd frå dei som har prøvd seg på dei)

1. Tenk på noe du har opplevd, og lag ei kort 'historisk forteljing' om det på noen linjer.
a. Tenk over korleis forteljinga tilfører bildet av det som skjedde, tolkingar som er prega av den konteksten forteljinga er laga i, i dag. Korleis er forteljinga prega av ordbruk, problemstilling, utval av kva som skal vere med, synsvinkel og perspektiv, som kan seiast å stamme frå i dag?
b. Tenk over korleis forteljinga ved å bli utforma på ulike måtar, kan få fram ulike aspekt ved det som skjedde. Prøv ut fleire versjonar, og tenk systematisk igjennom korleis dei skaper ulike bilde av det som skjedde.

2. Ta for deg ein situasjon i di eiga fortid og vurder kva sider ved den som det let seg gjere å seie noe om, og kva sider som det ikkje let seg gjere å seie noe om. Lag ein systematisk oversikt over begge sider.

3. Fortida er borte, og den som vil lage historiske forteljingar om ho, har aldri anna enn restar frå det livet som utspann seg, å bygge på. Skriv ned ein kritisk refleksjon over kva det inneber for den som likevel vil prøve å framstille fortida 'slik ho verkeleg var'. Lag ein systematisk oversikt over kva som i denne situasjonen likevel er muleg, og kva som er vanskeleg.

4. Diskuter kva av desse begrepa som passer best på det ein verkeleg skaper når ein lager historiske framstillingar. Kva argument kan hevdast for og mot dei ulike begrepa, om ein skal leite etter ord som både beskriv det ein gjer, og uttrykker det som bør vere ambisjonen med å skrive historie:
a. rekonstruksjon
b. gjenskaping
c. gjenoppleving
d. innleving
e. bilde
f. tolking


Tilbake til oversikt
Epost:
ingar.kaldal@hf.ntnu.no
Heimesida mi er her

Denne sida vart sist oppdatert 27.6.2003