Ingar Kaldal: Veit og gate. Daglegliv i Midtbyen i Trondheim 1880-1950

Her finn du ei liste over innhaldet i boka. Her finn du ein kort omtale av posjektet, og noen av bilda frå boka. Tilbake til Ingar Kaldals heimeside.

Kort omtale av boka (baksideteksten):

Om ein tenker seg livet i ei bygate i 1880 og 1950, vil ein lett kunne førestille seg store forskjellar: i lydane og luktene, i trafikken og framkomstmidla, i måten folk var kledde på, i leiken til ungane, og i mangfaldet av menneskelege verksemder som utspann seg. Men i tillegg til det ein ville kunne sett og hørt i gatene, skjedde i same perioden mye med måten å tenke byliv på, og med betydningar og meiningsinnhald som var forbundne med «gata». Denne boka skildrar korleis dette arta seg i Midtbyen i Trondheim. Barn og vaksne, kvinner og menn, og folk frå ulike grupper opplevde gatemiljøa i byen på ulike måtar. Og i Midtbyen møttest forskjellane. Eit hovudspørsmål i boka er korleis kvinner og menn sine liv var knytte til forholdet mellom inne og ute, heime og borte, natur og kultur, privat og offentleg. Vekta ligg her på å få fram korleis slike tema utspelte seg i det livet folk i Midtbyen i Trondheim levde til dagleg. Boka bygger på mange kjelder, men mellom dei viktigaste er aviser, politiarkiv, kommunearkiv, fotosamlingar, reiseskildringar, skjønnlitteratur og ikkje minst: intervju med folk som sjølve har levd i Midtbyen.


Spørsmål om meir informasjon kan sendast til

ingar.kaldal@hf.ntnu.no