Ingar Kaldal: Arbeid og miljø ved Follafoss Tresliperi og Ranheim Papirfabrikk 1920- 1970. Kort omtale av innhaldet.

Her finn du ei liste over innhaldet i boka. Tilbake til heimesida mi, her


Dette er ein kort presentasjon av eit forskningsprosjekt i historie som Ingar Kaldal tok doktograd i historie på i mai 1994. Avhandlinga er utgitt i Historisk Institutt sin skriftsserie nr 3. 1994. Boka kan enno skaffast, ved å kontakte forfattaren.

Tema for prosjektet var historiske endringar i arbeidsliv og sosialt miljø på to industristader i Trøndelag omtrent frå 1920 til 1970. Arbeidslivet hører til eit av dei emna som det vart meir og meir vanlig å ta opp i historieforskninga i 1980-åra. Fleire studiar handla i desse åra om korleis arbeid og arbeidsprosessar hadde utvikla seg i ulike bransjar eller yrke. I dette prosjektet var for målet å studere arbeidet i samanheng med dei sosiale miljøa det hadde vore del av på dei to trønderske industristadene.

Follafoss Tresliperi kom i gang i 1909 i Verran kommune i Nord-Trøndelag, og eksisterer i dag som Folla CTMP, eigd av Norske Skog. Ranheim Papirfabrikk ligg noen kilometer nord-aust for Trondheim. Den starta som cellulosefabrikk i 1884. Begge bedriftene har vore berebjelkar i kvar sine einsidige industrisamfunn. Det siste viste seg å ha vore viktig for kva forhold folk i dei to fabrikkane hadde hatt både til arbeid, kollegaer og bedrift.

I Follafoss heldt tresliperiet med sine omkring 150 arbeidsplassar i mellomkrigstida liv i eit halvt tusen menneske på staden. Desse levde nokså tett saman i miljøet omkring fabrikken. På Ranheim arbeidde ca. tre gonger så mange, men miljøet var her òg lenge tett og gjennomsiktig. Begge stader skjedde det i løpet av mellomkrigstida ei stabilisering og rotfesting av arbeidsfolket. Det hadde dels å gjera med arbeidsløysa, som gjorde det viktig å halde fast ved det arbeidet ein hadde fått. Men den same stabiliteten varte i stor grad ved også gjennom 1950-talet. Da hadde ein stor del av arbeidsstokken dessutan skaffa seg eigne hus på staden. Og bedriftene gjekk godt. Mye av dette snudde på 1960-talet. Da gjorde bl.a. bilen det lettare for folk utanfrå å ha arbeid i dei to fabrikkane. Og da auka gjennomtrekken. Særlig på Ranheim vart det i ein periode omkring 1970 vanskelig å skaffe stabil arbeidskraft.

Dette hadde alvorlige følgjer, fordi det i slike bedrifter var særs viktig å ha folk til å gjere arbeidet som visste kva dei skulle gjera - og som ein visste kor ein hadde. Dei fleste jobbane var her på ein eller annan måte prega av å vera ledd i store og komplekse produksjonskjeder. Svikta eit ledd, kunne det få følgjer for heile produksjonen, og for dei andre ein arbeidde i lag med. Både for kollegaer og arbeidsleiarar var det her viktig å ha folk med seg som ein visste både kunne arbeidet og var villige til følgje opp dei oppgåvene dei var sett til. Og dette var lettast å vite om folk som hadde vore i fabrikken lenge. Derfor vart stabiliteten i arbeidsstokken så viktig. Og av same grunn skapte gjennomtrekken frå 1960-talet her ekstra store vanskar.

I tillegg til dette handla prosjektet m.a. om korleis arbeidet i slike fabrikkar ga grunnlag for ei slags "arbeidsære". For mange gjekk det lenge ut på å meistre kroppslige utfordringar, med lemping, løfting, trilling, skuving osv. Det ein lærte i arbeidet, var vidare prega av å vera praktisk fundert, ein lærte arbeidet i daglig omgang med trevirke, redskapar og maskiner. Dette var i stor grad bygd på erfaringar som berre kunne gjerast på plassen, lokalt. Såleis vart det lokale også eit poeng i arbeidsæra. For å bli fullbefaren i ein slik fabrikk måtte ein ha "gått der" lenge, og vorte sosialisert inn i både arbeidet og det sosiale miljøet. Også dette var med på å gjera det stabile rotfestet av folk i miljøet omkring bedriftene viktig for forholdet mellom folk, og for kulturen i dei to bedriftene. Eit formål med prosjektet har vore å vise at arbeidslivet si historie ikkje berre handlar om spel om makt og interesser, men òg om kulturelle sider ved arbeidet og det miljøet det har vore utført i.

Prosjektet har bygd på fleire slags kjelder. Dei viktigaste er intervju med 75 arbeidarar og andre personar i dei to miljøa. Elles har det vore mye å finne i arkiva til fagforeiningane og bedriftene, som begge stader er tekne godt vare på.


Andre artiklar med utgangspunkt i det same prosjektet

Under arbeidet med prosjektet vart det også skrive noen artiklar som meir eller mindre direkte spring ut av same forskninga:

Fabrikkarbeid og organisasjon. i Temahefte om "Kvardag og historie" I: ARENA. Tidsskrift for kunst og kultur 1 og 2/1987.

De første papirarbeiderne. i Årboka: Klevfos industrimuseums venner 1988 (5s).

Viktig å kunne alt. Kommentarartikkel om ulike syn blat forskarane på kvalifikasjonskrava i industrien, i Magasinet 1/1988 (1s).

Trang fødsel for Papir i 1913. i Magasinet for fagorganiserte 2/1888 (2s).

Det nye Fellesforbundet. Kronikk i Fædrelandsvennen 25.5.1988. Tilnærma same artikkelen sto i Halden Arbeiderblad 28.5.1988.

Arbeid, miljø og sosiale relasjonar blant sliperiarbeidarane i Follafoss. "Paper" lagt fram på 3. nordiske arbeidarkulturkonferansen i Tammerfors, Finland 4.-6.9.1989. Er i ettertid trykt I: Båsk, Metsänkylä, Koskiranta (1991). Arbetarklassen i samhällets vardag. Papers on Labour History III. Tredje nordiska arbetarkulturseminariet i Tammerfors 1989. Helsinki (s.303- 320).

Lokalsamfunn og klasse som solidaritetsgrunn - eit eksempel frå Follafoss i mellomkrigstida. I: Heimen 1/1990 (s.21-31).

Ære og fellesskap blant ufaglærte kroppsarbeidarar - for eksempel i fabrikken, på hamna og i skogen i Follafoss. "Paper" til nordisk konferanse om skogsarbeidarhistorie i Trondheim 7.-9.11.1990 (21s).

Strukturrasjonaliseringa og fagrørsla i papirindustrien - og litt om det same i teko- og verkstadindustrien. I: Arbeiderhistorie 1990 . Årbok for arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek (s.27-45).

Fagorganisering og sosial kontroll - med eksempler fra et sliperimiljø i Trøndelag. Paper til Tredje nordiske historiske arbeidslivskonferansen i Holmsund den 14-16. juni 1991 (Er trykt i Simonson & Thörnquist (red) 1993) (sjå nedanfor).

Kvinnene i papirfabrikken på Ranheim. I Årbok 1992. Trøndelag folkemuseum. Sverresborg (s.70-83).

"Det gode arbeide og de gode arbeidere" - noen refleksjoner omkring normer i arbeidslivet som historisk forskningsfelt. Paper til Fjerde nordiske arbeiderkulturseminaret i Køpenhavn 24- 27.8.1992 (Omarbeidd versjon er trykt i Arbeiderhistorie 1994, sjå nedanfor).

Da det i 1960-åra gjekk mot slutten for det gamle arbeidet - med eksempel frå tresliperiet i Follafoss. I: Klevfos 92. Årsskrift. Utgitt av Klevfos Industrimuseums venner.

Fagorganisering og sosial kontroll - med eksempler fra et sliperimiljø i Trøndelag. I: Birger Simonson & Annette Thörnquist (red). Arbete, Genus, Fackförening. Skrifter från Historiska Institutionen i Göteborg Nr 3. 1993.

Arbeid å lite på - om arbeidsfolk og sosialt miljø ved Follafoss Tresliperi og Ranheim Papirfabrikk 1920-1970. I: Heimen 2/1993 (s.91-105).

Arbeidsfolk i skogen, på hamna og i fabrikken i Follafoss. I: Årbok for Trøndelag Folkemuseum 1994 (s.69-80).

Det gode arbeid og de gode arbeidere - om normer og verdier i arbeidslivet som historisk tema. I: Arbeiderhistorie 1994. Årbok for arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, Oslo (s.103-125).

Arbejdets kulturer - hvordan studere dem? I: Arbejderhistorie 1995 . København. Les artikkelen her (pdf)

1950-åra på Ranheim: samarbeid og drakampar. I: Årbok for arbeiderbevegelsens historielag i Trondheim 1995 .

Frå "folkekultur" til "arbeidarkultur"? I: Historisk Tidsskrift 1/1995.

Arbeid og arbeidsfolk i lokal historie. I: Heimen 2/1998.

Knappe levebrød og vanskeleg solidaritet. Korleis arbeidsløysa i mellomkrigstida skapte kamp om levebrødet og vanskeleg samhald mellom arbeidsfolk i Follafoss . I: Årbok for Nord-Trøndelag 2001.

Fabrikkliv i treforedlingsindustrien. I: Bjørn Bækkelund (red). Tid for skog. Elverum 2001

Arbeidsfolk og sosialt miljø på Ranheim Papirfabrikk 1920-1970. I: Årbok 2003. 3. utgave. Ranheim Bydels Museums Historielag 2003.

Industrisamfunnets store tiår - Follafoss i 1950-åra. I: Kjell Roger Eikeset, Geir A. Grøtan og Inge Sørgård (red.). Norsk Sagbruksmuseum 1991 - 2011. 20 år . Utgitt av Museet Midt, avdeling Norsk Sagbruksmuseum 2011. s. 101 - 116. Les artikkelen her (pdf)

Vil du vite meir om prosjektet, eller om du har lese noe eg har skrive om det, og har kommentarar eller spørsmål, blir eg glad om du kontaktar meg på e-post-adressen:


ingar.kaldal@ntnu.no