Ingar Kaldal: Utstillinga "Livsbilder" ved Trøndelag Folkemuseum
På Sverresborg i Trondheim, kong Sverres gamle borg, har Trøndelag Folkemuseum i seinare år vorte bygd ut til eit så å seie nytt museum. Frå å vere eit typisk regionalt folkemuseum, med vekt på å vise fram liv og bygningar frå bonde- og bygdemiljø, har museet no fått ferdig ei byavdeling som viser gatemiljø og urbane trehus, og eit imponerande nytt hovudbygg med auditorium, arbeids- og seminarrom, og lokalar som kan fyllast med store og små utstillingar. Det er her vi finn den nye basisutstillinga ”Livsbilder”, som her skal presenterast.
Menneskelivet i fokus
Som strukturerande prinsipp for utstillinga har museet vald livet sine
aldersfasar: barndom, ungdom, vaksenliv og alderdom. Innanfor kvar av desse
fire hovuddelane har ein så prøvd å femne fleire sider
ved livet, med utvalde glimt frå både kvardag og helg, by og
land. Periodemessig er det dei siste hundre og femti åra det handlar
om, og grundigast tida frå slutten av 1800-talet til "vår tid",
det vil seie fram til 1970-åra og deromkring. Tida spenner såleis
frå det dagens femtiåringar har hørt noe om frå
besteforeldra sine, til det folk som enno er rimeleg unge har opplevd sjølve,
men no kan snakke nostalgisk om. For svært mange er det altså
mye å dra kjensel på her. Det hindrar ikkje at både unge
og gamle her først og fremst har mye å lære. Sjølv
har eg sett utstillinga fire gonger, og kvar gong oppdaga nye ting, og
ikkje minst: fått nye tankar.
Denne utstillinga uttrykker ein ekte vilje til å fokusere
på menneskelege sider ved det som blir vist fram. Same kor mye det
er ting, redskapar, materialar, klede, kjørety eller pynt ein får
sjå, og same kor daude alle fortidslevningar elles kan vere, får
ein her gode assosiasjonar om kva dei har betydd i menneskelege samanhengar.
Det menneskenære blir også markert alt i inngangspartiet til
utstillinga, der ein blir møtt med Christian Eggens maleri av ein
morgon i Ravnkloa, fiskehamna i byen, i 1893. Automatisk fokuserer ein
på eit av dei mange menneska i bildet, og tenker: kva slags liv levde
ho som står der med handlekorga si?
Frå vogge til grav
Så kjem ein inn i første rommet, der det handlar om fødsel
og dåp, og barna sin kvardag. Den historiske tesen ein blir presentert
for om barndommen, er at den frå slutten av 1800-talet vart meir
og meir prega av leik, og mindre av arbeid. Også i dei første
barnehagane, barneasyla, handla det i tidlegare tider mye om å lære
ungane å arbeide, og unngå ”ørkesløshet”.
Neste etappe er ungdommen. Der får ein høre om konfirmasjon,
kjærleiksliv, korleis melkerampa var ein møtestad før
i tida, og korleis det etter kvart voks fram ein eigen ungdomskultur med
popmusikk, ungdomsblad, ungdomsopprør og eigne politiske uttrykk.
Her kjem det tydeleg fram korleis dette vart ein kultur der det gjaldt
å skilje seg ut frå den rådande vaksenverda, samtidig
som ungdomstida ikkje slutta å vere prega av overgang nettopp til
den same verda.
Eit av dei tema som står sentralt i bildet av vaksenverda,
er arbeidslivet. Vidare handlar det om offentleg underhaldning, der ein
gjennom plakatar, bilde og musikk får smakebitar frå det folk
kunne more seg med på fritida i byen, og for det tredje giftarmål
og ekteskap, med brudestas og bilde i ulike fasongar. Det siste temaet
er også via ei heilt spesiell avdeling i utstillinga: eit multimediashow
om ”Trønderbrura”. Tema i forteljinga er klassisk og velkjent, forelsking
og giftarmål i det gamle bondesamfunnet, med ingrediensar av mye
anna enn berre kjærleik, ikkje minst økonomi. Opplegget er
ein effektfull kombinasjon av videofilm, musikk, bildespel, stemmar som
fortel på breitt bygdemål, og eit festbord som kjem opp av
golvet, presten sin tale, brudegåver og andre gjenstandar som hører
med, og som det blir sett lys på i tur og orden, medan publikum blir
snudd omkring på eit dreibart golv slik at dei ser dit dei skal.
Historia har ein irriterande brist ved at jenta i ein fase snakkar om å
”gå på fossen” fordi ho ikkje får den ho vil, men plutseleg
likevel blir lykkeleg gift – utan nærare forklaring. Dermed blir
bodskapen forvirra, i eit opplegg som elles er imponerande og uttrykksfult.
Siste avdelinga om alderdom legg vekt på å vise korleis
dei gamle i første del av perioden, som dei unge, ikkje var så
avsondra frå resten av samfunnet som dei vart seinare. I denne avdelinga
handlar det elles forholdsvis mye om døden, og det som har vore
knytta til den av skikkar, symbol og annleis estetiske uttrykk enn i vår
tid.
Ein ulempe med livsfasestrukturen i utstillinga er at den som
går igjennom ho ikkje får mye inntrykk av at det har vore fleire
epokar, enn kanskje to: den gamle tida som rådde til slutten av 1800-talet,
og endringane etter da til dei mønstra som rår i vår
tid. Dermed blir det at historiske endringar gjerne har skjedd gjennom
mange fasar, også i dette tidsrommet, til dels borte. Men sjølvsagt:
utstillingar må forenkle.
På den andre sida ligg det her også viktige fordelar:
utstillinga framstiller ikkje fortida som ei unilinær og stor forteljing
der ein i fase etter fase kan følgje ”framsteget” eller ”utviklinga”
fram mot vår tid. I staden får ein her fram at alle delar av
livet har si historie, og at sjølv dei mest allmennmenneskelege
tema, som fødsel, leik, kjærleik, arbeid og død, har
gjennomgått interessante historiske forandringar, og altså
ikkje er tidlause. Å få noen til å tenke over det, er
gull verdt.
Arbeid og ”arbeid”
Som nemnt er det ein kvalitet med denne utstillinga at ein kan finne
noe nytt om ein ser ho fleire gonger, og det gjeld ikkje berre detaljar,
men også perspektiv. Eit eksempel på spørsmål
som ein kanskje ikkje tenker over ved første besøk, er kva
utstillinga fortel om arbeid? Og da tenker eg ikkje på kva slags
arbeid og arbeidsgrupper ein blir presentert for - og ikkje, men kva som
blir fortalt om folks forhold til arbeid før overgangen til ”vår
tid”: før var barndommen altså meir fylt av arbeid. I ungdomstida
gjekk folk likevel ”ut i arbeid” – altså må ”arbeid” ha vore
noe anna for ungane likevel, enn det dei gjekk seinare "gjekk ut i". Det
utstillinga fortel om arbeid i vaksenverda, er i tillegg til nokså
forventa bilde frå fabrikkar, at giftarmål i tidlegare tider
var meir ein arbeidskontrakt, og mindre ei kjærleikspakt, enn seinare.
Og om dei eldre får ein vite at dei tidlegare var sett meir som ein
ressurs, mellom anna fordi dei gjennom handarbeid og handverk lærte
opp dei unge. Altså handla både barndom, ungdomstid, ekteskapsinngåing
og alderdom meir om arbeid før, og arbeidet var noe fleire grupper
tok del i på ulike vis. Men var dette ”arbeid” i same meining som
vi legg i det i dag?
Eit anna spørsmål ein her kan stille seg, er kva
det innebar for folk at så stor del av livet handla om arbeid. Det
er ei kjent sak at det både til barnearbeid, ”brødekteskap”
og gamle folk sine ”plikter” til å arbeide for føda, kunne
vere knytta tvang, undertrykking og overgrep. Her får vi høre
at dei gamle vart sett som ressurs (og det var vel bra), men ikkje mye
om korleis dei vart sett på når dei ikkje greidde å vere
det lenger.
Ein tankevekkar om kor historisk omskifteleg begrepet "arbeid"
er, får ein også når det i ein tekst om død og
gravferd i gamle dagar kjem att i vår tids nykonstruksjon: "sorgarbeid".
Ein kan sjå det som anakronisme, men også som eksempel på
korleis ei utstilling om såpass grunnleggande og komplekse sider
ved livet gir noe å reflektere vidare over.
Konklusjon
Når dette er ei utstilling verdt å komme tilbake til, er
det ikkje berre fordi ho rører ved mye som ein treng tid til å
tenke over, men fordi ho er utforma estetisk slik at ho er triveleg å
gå omkring i. Det dempa lyset gjer det naturleg å dvele på
kvar plass det er noe å sjå eller lese, sjølv om folk
med dårleg syn kanskje ser det annleis. Tekstane verkar i motsetning
til mange andre utstillingar passande dimensjonerte. For utlendingar finst
eit hefte i ekspedisjonen med tekstane på engelsk, men dei hadde
truleg hatt enda betre utbytte om dei sto på veggen. Elles finst
det midt i utstillinga ein leikeplass i ei stor skute, der ikkje er vanskeleg
å få ungane til å trivast både vel og lenge, sjølv
om min femåring kvar einaste gong har vorte minst like fasinert av
den ekte trikken. Konklusjon: her finst mye både å diskutere
og å varme seg på, og begge delar er med på å gjere
”Livsbilder” til ei vellykka historisk utstilling.