Boka vart ferdig sommaren 2003, og vart utgitt på Det norske Samlaget . Her følgjer ein kort presentasjon av innhaldet:
Denne boka gir ei innføring i kva det vil seie å utforske noe historisk. I boka gjennomgår forfattaren metodiske sider ved bruk av historisk materiale, og ulike typar historiske forklaringar blir diskuterte. Særleg vekt blir lagt på å presentere perspektiv som er vorte aktualiserte i seinare år, der spørsmål om historie som litteratur og forteljing har stått sentralt. Her har også forholdet mellom språk, realitet og sanning vore mye diskutert. Gjennom heile framstillinga reflekterer forfattaren over kva det å studere menneskeliv, kultur og samfunn historisk, byr på både av problem og potensial. Og avslutningsvis gir boka ei kritisk drøfting av noen av dei vanlegaste grunnane for å søke historisk kunnskap og forståing.
Boka er skriven først og fremst for studentar og forskarar i historie,
men er også relevant for andre fag der historisk forståing er
viktig, som etnologi, antropologi, sosiologi og andre samfunns-, kultur-
og mediefag.